Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/30

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

um det hev gjengi fleire Freistingssogur millom dei fysste kristne, so er daa ikkje fleire komne med i Skriftine.

Det er gjenom Sjølvsjuken Freistaren lokkar, her som i Edenhagen, men paa ein serskild Maate, og dertil tri Gongir for ein, daa det er Messias han her hev for seg. Og det er fysst og fremst Tvil um Messiasdomen han vil vekkje: er du Messias, segjer han, so gjer Steinar til Brød, eller kasta deg ned fraa Tempelrauste. Daa dette ikkje nyttar, freistar han aa naa Æresjuken: gjev deg yvi til det vonde, so skal du vinne Verdi! Det er ville Tankar som den unge Messias gjenom Framvokstren hev havt aa takast med; men han hev haldi seg til Sanningi og vunni.

Av Johannesboki ser me, at um Jesus hev vori freista paa vanlig Menneskjevis, so hev han stadi daa med; „kven av dekon kann yvityde meg um nokor Synd?“ segjer han (Joh. 8: 46). Nokon „syndefri Natur“ krev han sjølvsagt ingin Stad; er han Menneskje so kann han falle, liksom den syndefrie Adam; ingen er god utan ein: Gud.

*

Læresveinane sine vèl Jesus i Folke, millom deim som hev Barnehugen. Tale paa deim er det gamle Tale paa Israels-ættine; til Israel