Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/29

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ding, som skulde „brenne upp“ elle reinske ut det uheile og ureine i Mannahjarto. Um Døyping er det ikkje fortalt meir fraa Jesu Tid; men i Apostelgjerningar kjem Daapen upp att i ein ny Skapnad: Apostlane døyper i Jesu Namn, um elles „til Forlating for Syndine“ som Johannes (Apg. 2: 38; smf. Mk. 1: 4; Kl. 3: 3). Med Paulus fær Daapen i Jesu Namn ei ny Tolking (Apg. 19: 1—6). —

— Sogo um Freistingi er fortald berre hjaa dei tri fysste. Det er ein rabbinsk Tanke ho er bygd paa: Messias, som er den andre Adam, lyt røyne det den fysste røynde, og stande der han fall. Markus (1: 12—13) hev Sogo paa den stuttaste og daa vel og paa den eldste Maaten; han fortèl at Anden dreiv Jesus „ut i Øydemarki; og han var der i 40 Dagar og vart freista av Satan; og han var med Villdyri; og Englane tente honom“. Dette um Villdyri minner um buddhistiske heilage, som skal kunne med vitugt Umgjenge temja Tigrar; sùme meiner at det her sting seg fram eit Minne fraa ei Ungdomstid, daa Jesus hev vori i buddhistisk Skule. Hjaa Mattæus (4: 1—11) og Lukas (4: 1—13) er Sogo meir utvaksi. Her au er det Anden som fører Jesus ut i Øydemarki; hjaa Lukas er Jesus „full av den heilage Ande“, daa han gjeng der ut. Etter Freistingi gjeng Djevelen fraa Jesus „for ei Tid“ (Lk. 4: 13);