Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

den som skal koma; um denne var Jesus fraa Nasaret hev han etter Mattæus (11: 2, 3) og Lukas (7: 18, 19) heller ikkje alltid vori stød paa.

Stutt og einfeld er Sogo hans. Aaleine i Audni med Sveinane sine døyper han og lærer Umvending og spaar um Messiasrike med dei Ordi som fraa Stemnestogom var aalkjende, og som Jesus like eins bruka, daa han sidan steig fram. Sameleis forkynner han Lovi, serleg Kjærleiksbòde, og — etter Synsmaatane hjaa dei skriftlærde fraa seinare Tidir — Forlating for Syndi utan Bloting eller Blod. Anna enn Fyrigangaren, Vegbrøytaren, vil han ikkje vera. Han vert sett fast, av dei han sagde Sanning til ein Konge, og avhovda etter eit Kvendekrav; men so lite Rom som han hev fengi i desse Sogom, — der er noko serskilt stort ved denne Mannen som fann seg i aa vera den minste og gav alt sitt Liv til aa brøyte Herren Veg.

*

Liksom Jesus etter Johannesboki ikkje vert døypt, soleis døyper han ikkej sjølv heller, alt um Læresveinane hans skal hava døypt[1]; Daapen med Vatn vilde daa heller ikkje høve for den som skulde døype med Ande og Eld, d. e. med den Andemagt, den Vilje-Uppglø-

  1. Noko ugreit fortalt i Joh. 3: 22; 4: 1—2.