Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

fram i Rabbinarlærdomen og det nye Testamente, tydeleg eit persiskt Upphav; Ormen i Syndefalls-Sogo hev knapt vorti „Djevelen“ fyrr etter Babylontidi. Og denne Trui paa ei vond Magt jamsides Gudsmagti hadde i Jesu Dagar vorti fullrett Israelstru. Jahve styrde ikkje lenger aaleine. Ei Djevlemagt raadde jamsides honom, ja hadde i denne Heimsalderen („Verdi“, segjer det norske Testamente) Hovdingskapen (Joh. 12:31;14:30;16:11); Tanken um det vonde var i det heile komin upp. Og den knytte seg etterkvart paa ein serskild Maate saman med Tanken um Israelsfrelsaren.

Jødefolke var lite og veikt, med store og sterke Grannar ikring seg. Serleg ille fari var det no, daa det var komi under eit Folk av Framand Ætt med heilt framande Skikkar og Gudar og med ei forfælande Magt; skulde Israel koma seg upp at no, laut Gud paa serskild Maate hjelpe det.

Men serskild Gudshjelp kunde ikkje Israel vente fyrr det vart i sann Meining Guds Folk, so at Israels Velde vart Guds Velde, Israels Rike Gudsrike; Messias-Tanken vart gudeleg fullt so mykje som verdsleg.

Berre det sanne Israel kunde faa godt av Messiasfrelsa; Messiasrike vart eit Rike for dei rettferdige. I dette Rike vart Gud sjølv