Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Konge, fysst gjenom Messias, og sidan, naar alt det vonde var yvivunni, beintfram; Messias-rike vart Inngangen til det endelege Gudsrike (Opinb. 20:2—15; 21:1—4).

Saman med det drøymde Israelsrike vaks Israels Gud; Jagve, den gamle Folkeguden, hadde vorti Gud yvi alle Gudar, liksom Israel skulde verte Folke yvi alle Folk; den einaste sanne Gud var han vortin. Rike hans kunde daa ikkje vera eit Folk eller eit Land; Gudsrike vart heile Heimen. Dei gamle Folkegrensune tok til aa ramle; at Israel vart Styrarfolke var berre eit anna Ord for at Gud fekk Magti; det messianske Israelsrike vart Gudsrike yvi all Heimen, og i Himlane med; det vart Himilrike.

Verdi vart ny. Den gamle „brann“, d.e. alt gamalt øyddest; Syndi, Vondemagtine, Dauden skulde ikkje vera meir; alt vart utløyst, frigjort, atterreist, atterfødt (Mt. 19:28; Apg. 3:21). Fraa ein ny Himil skulde eit nytt Jerusalem koma ned til ei ny Jord; berre det gode skulde vera til; og alle skulde vera gode. Men so skulde og alle faa vera med. Dei rettferdige fraa gamle Tidir skulde stande upp og koma med i Gudsrike (smf. Mt. 22:23; Apg. 23:8); daa fysst var Guds Rettferd gjenomførd og Rike hans fullkomi.

Messias vart Guds Son framifraa, Himil-