Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

der det[1]; Draumer av dette Slage hev vori drøymde av meir enn eit Folk i Nedgangs og veiknande Tidir. Men hjaa dei skriftlærde var etter Babylontidi ein meir aandeleg Messiastanke komin upp.

Jødane hadde lært eit og anna i Babylon. I Trui ikkje minst. Med den hev det vori uklaart i Israel lenger enn me etter Bibelsogom vaare trur; det ser me av Stadir i Gamletestamente som Jer. 44 og 2 Krøn. 36:23; etter den siste Staden hev Israel langt ned gjenom Tidine meint seg aa hava Tru saman med Persarfolke. Naar so Israelitane dertil i lange Tidir livde i Babylon (der det elles alltid budde mange Jødar, liksom sidan i Aleksandria), so var det rimelegt at dei kom til aa taka upp mangt og mykje der ifraa, soleis og Trudomstankar[2].

Mill.a. hev Trui paa tvo Heimsmagtir, ei god og ei vond, soleis som denne Trui kjem

  1. I Apg. 5:36,37 er det nemnt tvo Messiasemne av dette Slage.
  2. I Aleksander-Tidi og seinare hadde Jødane dertil lært mangt og mykje fraa Hellas. Sjølve det græske Maale var vorti kjent; dei skriftlærde las det, og mange kunde skrive det. Nytestamente sjølv er skrivi paa græskt; og i Innhalde med hev det sitt tydelege Merke etter jødisk — aleksandrinsk — Hellasdom: Læra um Logos.