om Jødane hadde gravlagt Jesus, so hadde Heidningane gravlagt Tankane hans.
I Staden for aa høyre etter kva Jesus sagde hev Verdi no i snart tvo tusund Aar trætta med seg sjølv um kven Jesus var. Og i Staden for Jesu Lære hev me fengi Læra um Jesus.
Men Kyrkja vart til eit Rike av denne Verdi, og siden til Tenar for Rike av denne Verdi. Vakt held ho no yvi Kronur og Herredøme og Eigedomar og Pengeskrin, og hjelper til med aa halde Styr paa dei fatige, som hev vorti arme og svelt, eller slæst med dei rike um Rikdomane deira. Sanne Jesus-Sveinar som ikkje kunde vera med paa slikt Vakthald, men heller fann Grunn til aa segja som Jesus: „usæle dé rike!“ — vart dømde og fordømde jamt og stødt, av Verdi og av Kyrkja aat Verdi.
Men her er Framgangsteikn. Jesus-Sveinane — som enno finst, meir og mindre medvitande, meir og mindre klaarsynte, i Kyrkja og utanfor