Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/153

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

vorti „kristeleg“ alt upp til Keisaren (trass i Mt. 20: 25―27 med Tilvisn.). Hadde Jesus stadi fram etter den Tid, so var han vortin brend um ikkje krossfest, av di han vanvyrde Lovi (Bibelen i heidningkristeleg Tolking) og Temple (den heilage Aalemenne heidningkristelege Kyrkja), og av di han ikkje trudde at Faderen og Sonen og Anden var den einaste sanne Gud. Kyrkja hev brent mang ein ærleg Mann for mindre!