Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/152

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Men i det femte Aarhundrade var der i Nordafrika ein gamaltruande Vandalkonge som forfylgde Nytrui liksom dei nytruande forfylgde Gamletrui. Mot honom fann Bispen Vigilius paa Raad: han laga eit Bibelord til Studnad for Trieiningi. Eit Ord av Johannes laga han. Og Kyrkja, som saart kunde turve eit slikt Bibelord, ho lempa det inn i eit av Johannesbrevi so snart ho saag seg rimeleg Raad; og der stend det enno. Det er 1 Joh. 5: 7, Orde um „dei tri som vitnar i Himilen“. Alt i Luthers Tid visste dei kunnige at Orde var falskt; Luther strauk det i si Bibelumsetjing og lyste strenge Ord yvi kvar den som vilde vaage seg til aa taka det inn att. Men Trieiningi heldt Luther paa. Og den falske Læra drog det falske Bibelorde etter seg paa nytt Lag[1]. No vedgjeng sjølve Kyrkjebibelen, at Orde um dei tri i Himilen „vantar i dei fleste Handskriftir“ („alle gamle Handskriftir“ hadde vori rettare sagt). Og det finst dei som trur, at Kyrkja i dette Stykke vil vinne seg upp til Jesu Tru att: „høyr Israel, Herren vaar Gud, Herren er ein!“ ―

― Med Læra um Soningi og Læra um Trieiningi var Kyrkjekristindomin i Grunndragi ferdig. Og Kyrkja hadde vunni; Verdi hadde

  1. Rydberg: „Bib. Lära“ S. 12 flg.