Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/151

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Skaping. „Anden“ ― etter Lukasboki ei Guds Kraft (24: 49) som jamvel Jesus sjølv vart fyllt med (4: 1) ― kom no i Støypeskeidi. „Guds Ande“ vart sett jamsides med Anden Gud; den „personlege Gud“ vart tvo „Personar“. Med den Helvti af Jesus som var Gud fra Aar 325, vart dermed Guddomspersonane tri; det heidningkristne Folke hadde tri Gudar. Med desse, og dertil Heilagmenni, hev det daa sidan funni at det kunde klara seg.

Men Kyrkja hadde ein Gud som fyrr. Med klaare Ord slog ho fast, til Trøyst for seg sjølv og dei jødekristne, at det berre var „Personane“ som var tri; „Gud“ var ein som han hadde vori[1]. Etter mykje Strid og lange Forfylgjingar ― Refsingar for dei gamaltruande og Løningar for dei nytruande ― vart Trieiningi sistpaa aalmenn Kyrkjesanning. Og paa denne æventyrlege Semja millom Israelstru og Heidindom lìver Kyrkja enno; Luther og Calvin fekk berre gjort Ende paa den kyrkjelege Halvgudheimen.

― Trieiningi vart fraa fyssto uppstudd med kunstige Bibeltolkingar; her og der var det og ei Misskriving i Handskriftine som lét seg nytte.

  1. Heilt utforma vart Læra i det 6te Aarhundrade; daa kom den athanasianske Vedkjenningi (som Athanasius ikkje hev laga) upp um „Trieiningi“. Dette Orde (gr. trias, lat. trinitas) er lokso ubibelskt som Læra.