Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/150

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Gud, so hadde Menneskje i honom naatt sin høgste Draum; Eden-Draumen var vortin Sanning. „Liksom Gud“, ja heiltupp samanvaksi med Gud, stod Menneskje no i Jesus fra Nasaret. Ingin hev kunna tenkje, eller vaaga aa tenkje, Tanken ut. Men som ein hugtakande Draum hev han leg under i det elles utrulege Nikæa-Verke.

Tenkje sine Tankar ut hev dei i det heile ikkje fari med i Nikæa. Eit Gud-Menneskje er utenkjande. Skulde Jesus vera Gud og Mann maatte han hava baade den Anden som var „Sonen i Guddomen“ (elles var han ikkje Gud), og dertil heil og sann Menneskje-Ande (elles var han ikkje Mann); desse tvo endelaust ulike Andane, den uskapte og den skapte, dei maatte dertil vera so heilt samanvaksne, at Gud og Mann i Jesus vart ein „Person“; attaat laut dei vera so lite samanvaksne, at Jesus i Guddomen kunde vera berre Gud; Jesus maatte vera ein Person og tvo Personar paa ein Gong; det er slikt dei i Tenkjelæra kallar Sjølvmotsegjing.

― Men for Kyrkja var Sjølvmotsegjingar Smaating; det viste ho ein Gong til: paa Kyrkjemøte i Konstantinopel eit godt halvt Aarhundrad seinare.

Heidningkyrkja var daa komi endaa meir til Magt; so heldt ho fram med si Gud-