Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/155

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Kyrkja —, dei vert ikkje brende lenger. Og her og der tek Folk til aa høyre paa deim. Sjølve Kyrkja, som med alle sine Trudomsstridir og Villferdir hev berga Grunndragi av Jesuslæra med seg gjenom mange fæle Trollebotnar og Skodderike, synest faa meir Syn for Nasaræaren att etterkvart; ikkje faae Kyrkjelærarar er det i seinare Tid som held seg helst til Jesu Tankar.

Kannhende var det og i Grunnen dette Kyrkja skulde gjera: forvara Skriftine og tukte upp Folki, so dei kom so langt at dei kunde lesa Skriftine, og skỳna Jesus, sjaa, at det aa elske sin Næste som seg sjølv, det er den sanne Sjølvkjærleik?

Ser ein ut yvi Verdi no um Dagen, kann ein finne at ho meir enn nokon Gong fyrr er eit Satans Rike. Men ser ein betre etter, vil ein finne Teikn som tyder paa at Satansvelde hev havt si beste Tid. Kven veit? Brodertanken kann enno faa Liv; Jesus kann koma til i Sanning aa stande upp fraa dei daude.