Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/149

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

hev meir og meir vorti funnin „opinberra“ i Johannesboki.

Messias-Tanken livde hjaa jødekristne og meir eller mindre umtydd hjaa upplyste heidningkristne. Men den græske og romværske Mengdi hata Jødane. Og dei kristne i denne Mengdi hata Jødane mest; var det ikkje dei som hadde krossfest Herren? Straumen i den heidningkristne Kyrkja bar burt fraa den jødekristne; og i Fall dei upplyste i Heidningkyrkja ikkje var med paa dette, so var der Ord i Skriftine som kunde vekkje Mistru mot dei upplyste, naar dei ikkje fylgde Mengdi. Og slike Ord vinn lett Magt; Forkynnarar som vil hava Mengdi med seg misbrùkar deim gjerne.

Den gamle apostoliske Kristindomen kom i Faatal meir og meir; og i fysste Fjordungen av det fjorde Aarhundrade vart Føraren for dette Faatale, Arius (Presbyter i den jødekristne Kyrkja i Aleksandria) klaga for Ranglære. Og Kyrkjemøte i Nikæa dømde Arius og vedtok med Røystefleirtal Jesu Guddom Aar 325 e. Kr.

Fraa Timbermannsstogo i Nasaret yvi Golgata til Gudestolen i Himilen, det er det største Eventyr som er uppkomi i Mannheimen. Og no hadde dei heidningkristne tvo Gudar.

Noko anna var vunni, um det ikkje vart nemnt. Naar Jesus var Menneskje og attaat