Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/148

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

kom „Guds Son“ upp; og denne Nemningi vart tolka meir og meir etter heidin Tenkjemaate. Naar Kristus var Son av Gud, so var han sjølv Gud; og stod det ikkje beint fram: Orde var Gud?

Kyrkjelæra um Heimsfrelsa drog paa same Leid; eit Menneskje kunde ikkje ha frelst Verdi. Og ikkje en Halvgud heller, hev dei heidningkristne meir og meir tenkt. Skilningane hev elles ikkje vori klaare; „Gud“, „Halvgud“, „guddomslegt Menneskje“ gleid lett um og i kvarandre; Kongar og Keisarar hadde so tidt vori Gudar; Keisaren i Rom var Gud rett som det var. Og skulde ikkje Guds Son, Heimsfrelsaren, Orde som var hjaa Gud og var Gud, ― skulde ikkje Kristus vera likso stor som Keisaren?[1]

Fleirgud-Turvti hev vaksi med Heidningkyrkja; Gudssonen hev vorti Gud for fleire og fleire. At han hadde døytt gjorde ikkje noko, naar han var stadin upp att; ja det at han hadde vunni paa Dauden, sjølv hadde sett Live sitt til og sjølve teki det att (Joh. 10: 18), viste nettupp at han var Gud; Jesu Guddom

  1. Kor lett det kunde vera aa naa Guddomshøgd i den gamle Verdi ser me t. D. Av Apg. 14: 11, 12, der Paulus og Barnabas vert Hermes og Sevs, og Presten for Sevs-hove fører fram Uksar og Kransar til Bloting; sjaa og Apg. 28: 6.