etter vaare Gjerningar; lat oss daa „reinse oss fraa all Ureinskap paa Kjøt og Ande og fullføre vaar Helging i Guds Age“ (2 Kor. 7:1); for lìver me etter Kjøte so skal me døy; men døyder me Líkamens Gjerningar ved Anden skal me lìva. I Brev etter Brev krev han gode Gjerningar (Rom 2: 6―11; 12: 9―21; 13: 8―10; 1 Kor. 3: 14, 15; 13: 4―7; 2 Kor. 5: 10; Gal. 5: 19―22 o. fl. St.); og det sritelege Livskrave samlar han i Ord som desse: „lat ikkje det vonde yvivinne deg, men yvivinn det vonde med det gode“; „bèr Byrdine for kvarandre, og uppfyll soleis Kristi Lov“. ―
― I Messiaslæra er Paulus Rabbinar, liksom Upphavsmannen til Johannesboki. Messias er „etter Kjøte“ av Davids Ætt (Rom. 1: 3; 9: 5); men etter Anden er han „det andre Menneskje“, „Herren fraa Himilen“ (1 Kor. 15: 47; Ef. 4: 8―10[1]). Han er utan Synd, men „i syndugt Kjøts Likning“ (Rom. 8: 3) hans rette Være er Anden (2 Kor. 3: 17); han er Hovude aat Kyrkja, og Kyrkja er Lìkamen hans (Rom. 12: 4,5 ; 1 Kor. 12: 12; Ef. 1: 22, 23). Og liksom alle Ting er „av Faderen“, soleis er alle Ting til „ved“ Kristus (1 Kor.
- ↑ Dei kristne er og „fyriaat kjende“ og „fyriaat kora til aa verte tilskipa etter Guds Sons Bilæte“ (Rom. 8: 29 o. Tilv.); Paulus er fleire Gongir inne paa den rabbinske Tanken um Fyri-Tilvære.