Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/141

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

dei som trur er, ved Trui, Guds Born (Gal. 3: 26; 5: 5, 6). Heilt klaart vert Samhøve millom Tru og Gjerningar ikkje heller; sjaa den vridne Tankeføringi i Rom. 3 og 6 (V. 15―23).

Men at Paulus ikke hev livt paa den kyrkjelege Offerlæra ser me av Rom. 6: 1―11 o. fl. St. Han forkynner nok Tru (um Trui elles „ikkje er kvar Manns Sak“, 2 Tess. 3: 2). Men um ein hev Tru, so skal ein hava ho „hjaa seg sjølv for Gud“ (Rom. 14, 22); i Live er det Kjærleiken det spyrst etter. „Um eg hev all Tru, so at eg kann flytja Berg, men hev ikkje Kjærleik, so er eg ingin Ting“, segjer Paulus; „dei vert verande desse tri: Tru, Von, Kjærleik; men størst av deim er Kjærleiken“ (1 Kor. 13: 2, 13). Og Gjerningane vaare er det som skal døme oss (Rom 2: 6―11; 8: 13; 1 Kor. 3: 8, 14; 6: 9; 2 Kor. 5: 10 o. fl. St.). Den „Rettferd ved Lovi“ som Paulus fordømer er den farisæiske Utanpaa-Rettferd (smf. Gal 5: 3); i sin Grunntanke gjeld Lovi som hjaa Jesus; heile Lovi er „samanteki til eitt i dette Orde: du skal elske din Næste som deg sjølv“; „Kjærleiken er Uppfyllingi av Lovi“ (Rom. 13: 8―10; Gal. 5: 14). Av Kyrkjelagi sine krev han daa med sterke Ord, at dei ikkje lenger skal tena Syndi, men vera Tenarar for Rettferdi (Rom. 6: 18). Trui maa til (Rom 10: 9, 10), men me vert dømde