Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/143

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

8: 6; smf. Joh. 1: 3). I Hebræarbreve „bèr han alle Ting ved sit Veldes Ord“, um han enno ikkje er „Orde“; og han er „Avglansen av Guds Herlegdom og Avbilæte av hans Være“ (1: 3). Men i Paulusbrevi er det enno Gud som reiste Jesus upp fraa dei daude (1 Kor. 15: 15); Messias skal og sistpaa gjeva seg heilt inn under Gud (1 Kor. 15: 28: smf. Opb. 21: 3, 4).

― Kyrkja hev livt paa Paulus og tøygt Soningstanken hans lenger enn rett var. Men ved det at Paulus i dette Stykke var tøygjeleg hev han, ettersom Tilstandi var, vorti eit Gramgangsvilkaar. Kyrkja nytta Paulus ut so langt som det for Heiningfolki turvtest (og noko til?); ved dette heldt Kyrkja seg gjenom myrke Tidir uppe, og hjelpte Heidningfolki fram-yvi, og berga Bibelen. Denne vart, med alle Innblandingar, haldi so vidt rein, at Jesu Tankar kann vakne att, etterkvart som Tidine ljosnar. Utan Paulus ― og etter honom Heidningkyrkja ― hadde Nasaræaren etter alt det me no kan skỳna, vorti gløymd.