Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/140

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

mest komin i Staden for honom. Men han hev vori tyngd av Lovi. So var det med Farisæarane ofte, av di dei tok ho utvertes, som eit Herre-bòd meir enn som faderled Rettleiding. Og daa kann Lovi berre vera god til eitt: til aa „gjera Syndi lìvande“, vekkje „Synd-Vedkjenning“. „Eg kjende ikkje Lysti, um Lovi ikkje hadde sagt: du skal ikkje lyste!“ segjer Paulus (Rom. 7: 7). Paa ein Maate som er svært lett aa misstyde lærer han daa, at „det aa vilja stend i mi Magt, men aa utføre det gode vinn eg ikkje“ (7: 18 flg.[1]). Og so hev han „mot-teki“, at „Kristus døydde for oss“ (1 Tess. 5: 10; 1 Tim. 2: 6 o. fl. St.), og at me vert „rettfærdiggjorde“, fær „Soning“ ved honom naar med trur (Rom 5: 11 o. Tilv.). „Som ein Løyndom“ talar han „Guds Visdom den dulde“ ( 1 Kor. 2: 6―8); Jesus Kristus og honom krossfest er det einaste han vil vita um.

Her og der, mest i dei etter-paulinske Brevi, spøkjer den Offertanken som sidan vart Kyrkjelære. Ender og Gong fær me i det heile ei Minning um at Jesus-Fylgjarane er aat aa skipast til Sekt; „lat oss gjera det gode mot alle“, stend det i Gal. 6: 10, „men mest mot Brøderne i Trui“; sjaa og 2 Kor. 6: 14―17. Og Vilkaare for aa koma med i Sekti er Tru;

  1. Kyrkja hev sidan gjenomført Tanken so: det stend ikkje i vaar Magt korkje aa vilja eller aa ut-rette.