Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/139

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Apg. 9: 6[1]). Naar Paulus kjem med Lærdomar som han sjølv ved serskild Opinberring hev „fengi“ (som den at Kristus døydde for Syndarar, 1 Kor. 15: 3, eller den at Kristus „gav seg sjølv til Løysepeng for alle“, 1 Tim. 2: 6, 7), so vil han vera likso mykje aa tra som Jesus; og er det noko han segjer utan Opinberring, so er det ikkje altid han skìl ut: dette segjer berre eg; han talar stundom heiltupp i Messiastone: „sjaa, eg, Paulus, segjer dekon...“ (Gal. 5: 2). Ja han er med i sjølve Soningsverke, „utfyller i sitt Kjøt det som vantar i Kristi Trengslur“, og hjelper til med aa „fullføre Guds Ord“ (kol. 1: 24, 25). Han sèt seg jamvel upp til Mynster: „det som dé hev set hjaa meg, gjer dette!“ (Filipp. 4: 9); og Timótevs vert prist av di hav hev „etterfylgt mi Lære, mi Ferd, mitt Hugmaal, mi Tru, mitt Langmod, min Kjærleik, mitt Tòlmode“ (2 Tim. 3: 10[2]).

Paulus hev vori ein gaaverik Mann. I dei fysste Kyrkjetidir var han endaa sùme Stadir sett jamhøgt med Jesus[3]; og hjaa oss er han

  1. Etter Apg. 26: 17 sender Jesus sjølv Paulus til Heidningane i Damaskus-Syni; ja han talar um Heilaggjering „ved Trui paa meg“ plent etter Pauluslæra (V. 18).
  2. Ikkje alle trur at desse tri sist nemnde Brevi er fraa Paulus; men Kyrkja trur det.
  3. Ad Harnack: „Zur Geschichte der Entstehung des N. Test.“ II.