Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/138

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

hev knapt vori Apostlane imot[1]. Um ho ikkje var uppkomi i den fysste Tidi (Apg. 2: 14―36; 3: 12―26; 4: 24―30; 7: 52, 53); so hev det ikkje vori lengi fyrr ho hev vunni seg upp; i Apg. 13: 39 legg Paulus i Antiokia fram Læra um „Rettferdiggjeringi“ ved Kristus og vert ikkje motsagd, ― ikkje av Bokmeistaren (Lukas) heller. Etter Gal. 2: 9 gjeng daa Apostlane med paa at Paulus tek Heidningane paa seg.

Det hev pint Paulus at han var komin so seint med, og at han ikkje hadde kjent Mesitaren (smf. 1 Kor. 15: 8, 9). Han kallar seg og „den alra ringaste av alle dei heilage“ (Ef. 3: 8; 1 Kor. 15: 9). Men „mindre Mann enn dei ovstore Apostlane“ vil han ikkje vera (2 Kor. 11: 5; 12: 11; 1 Kor. 15: 10); i Antiokia hev han endaa sagt Peter imot „beint upp i opne Augo“ (Gal. 2: 11, 12). For um Apostlane høyrde Jesus daa han var paa Jordi, so hev Paulus Opinberringar fraa Kristus i Himilen (2 Kor. 12: 1―7; Gal. 1: 12). Og daa talar „Herren“ til Paulus som han var den einaste Apostelen (sjaa t. D. Apg. 26: 15―18, der Paulus elles læt Jesus segja meir enn rett skulde vera etter

  1. Jakob fraarekna (um ein vil tru at Paulaus hev vori so lempeleg, at Joakob etter 2: 22, 24 i Breve sitt kunde ha fylgt ’n); etter Apg. 12: 2 var Sebedæus-Sonen Jakob drepin fyrr dette Møte vart haldi (Gal. 2: 10; Tilvisn).