Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/136

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Etter Damaskusdagen gjekk han ikkje til Apostlane i Jerusalem, men til Arabia (Gal. 1: 17[1]); han turvte ikkje tala med Apostlane; han kjende Messias-Tanken fraa dei skriftlærde. Hugvendingi hans hev vori den, at han kom til aa setja Jesus i Samanheng med Es. 53; daa hev han fata Tanken um ein lidande Messias, og Jesus hev vorti noko nytt for han. Til Jerusalem gjekk han ikkje fyrr tri Aar etter Damaskushende (Gal. 1: 18); og han vilde ikkje lære noko der; han vilde berre „verte kjend med Peter“. Nokon annan av Apostlane saag han ikkje i Jerusalem „utan Jakob, Herrens Broder“, fortèl han[2].

Han vil stande heilt for seg sjølv. Jamvel Fraasegnir um slikt som dei tolv maatte ha vori med i, um det var sant ― som Tilskipingi av Brodermaaltidi (1 Kor. 11: 23) ― „fær“ han av „Herren“. Lett aa skyna er ikkje dette; Jesus hev ikkje paa nokon Maate vist seg Misnøgd med dei gamle Sveinane sine. Snarare synest desse hava Meistaren med seg

  1. Apostelgjerningare (som fortèl Hugvendingssogo hans 3 Gongir: 9: 3 flg. 22: 6―16; 26: 12―18) hev inkje um dette; der vert det fortalt um Paulus i Jerusalem like etter Damaskus-Sogo, og det tvo Gongir: 9: 26 og 22: 17; paa den sist nemnde Staden er det Paulus sjølv som fortèl (i ei Tale).
  2. Den Bror til Jesus som het Jakob (Mt. 13: 55) var ikkje med millom Sveinane (Joh. 7: 5; smf. Apg. 1: 14).