Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/135

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

so for den Skuld kunde dei vera Paulus-Sveinar. Jakob og Judas held seg strengare til Jesu Tankar (Jakob synest endaa aa arbeide imot dei nye Lærdomane om Trui; sjaa 2: 8―26); dei hev vel vori noko meir tungnæme, desse tvo. ―

― Paulus (og hans Sveinar) med sine 13 eller 14 Brev ― Hebræarbreve høyrer etter Innhalde fullt so mykje Paulus til som sùme av dei andre ― fyller halve Nytestamente. Det var daa og Paulus som ― med noko Hjelp fraa Johannesboki[1] ― skulde byggje Kyrkja.

Han var Farisæar og vart so verande (Apg. 24: 14―15; Filip. 3: 5), um han i sitt Syn paa Moselovi stor kristelegt fri. Jesus hev han ikkje kejnt; og av Apostlane vil han ikkje have lært noko. Den Kristindomen han forkynner hev han fengi „ved Opinberring av Jesus Kristus“ (Gal. 1: 12; smf. 1 Kor. 11: 23; 15: 3; 2 Kor. 12: 1―7; Ef. 3: 3); „mitt Evangelium“ kallar han det daa au stundom (Rom. 2: 16; 16: 25; 2 Tim. 2: 8; smt. 1 Kor. 15:1―2).

  1. Meistaren for Johannesboki kann ikkje hava kjent til Pauluslæra. Skilnaden er for stor: I Johannesboki er Jesu Gjerning fullførd fyri Lidingi (17: 4); hjaa Paulus er det Lidingi som er Jesu Gjerning. Men Pauluskyrkja vaks seg so sterk, at sistpaa kunde ho taka med baade Johannes-Tankane og ymist anna, og vart endaa verande Pauluskyrkja.