Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/134

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Men Apostlane fekk snart baade skrivekunnige og græskt-kunnige Mennar ― Markus, Lukas o. fl. ― med i Lagi sine. Og Skrivehjelp hev dei brùka som anna Folk, um dei so var skriveføre; det ser me hjaa Paulus. Han hadde lært Skrivekunsti. Men Apostlar kunde ikkje sitja Tidi si burt med slikt. Hender det ein Gong at Paulus skriv nokre Ord sistpaa i eit Brev, so nemner han dette som noko framifraa; „sjaa kor store Bokstaver eg skriv med til dekon med mi eigi Hand,“ stend det t. D. I Slutten av Galatarbreve. (6: 11[1]).

Me hev Brev berre etter fire av Jesus-Sveinane. Jakob, Peter og Judas hev eitt kvar[2], og Johannes tri. Baade Peter og Johannes viser seg i desse Brevi aa vera sterkt tekne av dei Synsmaatane som kom upp etter Golgata-Hende; dei skriv um Frelsa, Atterløysingi, Soningi, Blode som reinsar oss fraa all Synd,

  1. Underskrift vart ikkje brùka; Namne paa Brevskrivaren vart nemnt fysst i Breve, og til Underskrift vart sett eit Merke (2 Tess. 3: 17). Me hev her ein av Grunnane til at det ofte er so vandt aa avgjera um eit Brev i Røyndi er fra den det hev fengi Namn etter.
  2. Det „2dre Peterbreve“ kann ikkje vera fraa Peter. Det frotèl t. D. Um „Forklaaringi paa Berge“; men den hev Peter ikkje visst um meir enn Jakob og Johannes. Hadde han kjent til eit slikt Ovhende, so hadde han ikkje gløymt aa nemne det, naar han tala til Folke i Apostelgjerningar.