Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/137

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

i alt (smf. Apg. 10: 9―16, det Peter endaa fær Opinberring um Frelse for Heidningar). Men Paulus er serskilt utvald. Og serskilt utvald til Heidningapostel (Gal. 1: 16). Visst er det og, at Heidningapostel vart han.

Det Evangelie han kallar sitt ― Evangelie um „Guds Naade“, som hev falli Heidningane lettare aa skyna enn Jesu Fagnadbòd um Guds Rike, endaa Kyrkja sidan laut stelle noko paa Paulus-Evangelie med ― forkynner han i 14 Aar, fyrr han raadfører sseg med dei andre Apostlane um det. Og jamvel daa maa det ei „Opinberring“ til, fyrr han vinn seg yvi til aa leggje det fram for deim, d. e. For dei av Apostlane som „galdt for aa vera noko; kor store dei var kjem ikkje medg ved“, skiv han (Gal. 2: 2, 6).

Men „Evangelie hans“ stod Prøva godt. „Dei som galdt for aa vera Hovudstolpar, Jakob og Kefas og Johannes“ ― dei tvo namngjetnaste er nemnde sist, og serleg er Peter stukkin vel vurt ―, dei „saag“, fortèl han, „at Evangelie for dei u-uomskorne til Peter“ (smf. Apg. 10: 1 flg.); og „de lagde ingin Ting attaat“. Um Paulaus hev haldi Serdrage i „sitt“ Evangelium noko sterkt fram den Gongen nemner han ikkje; men den Tolkingi av Krossdauden som er Grunnen i Læra hans