Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/133

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


11: 25 o. fl. St.[1]), trass i det han held fram so sterkt um Lovi og Guds Vilje hjaa dei tri fysste.

Læra um Jesu Gjerning paa Jordi er lite klaar i Johannesboki. Det ser stundom ut som Pauluslæra um Frelsa vil fra; Jesus skal „døy for Folke“ (11: 50); han er send til aa „frelse Verdi“ (3: 17; 12: 47[2]); det vert og sagt at han „sèt sitt Liv til for Sauine“ (um ein daa kann tala um aa „setja til“ eit Liv som ein „hev Magt til aa taka att“; 10: 11, 18); sjølve Krossen er paa ein Maate rest (3: 14; 12: 32). Men i 17: 9 hev Johannesboki gløymt Tanken um aa frelse Verdi; Pauluslæra kunde ikkje vinne fram i ei Bok der Logos-Tanken raadde.

*

Jesus-Sveinane var ikkje kalla til aa skrive; i dei Tidom var det ikkje vanlegt at Folk kunde skrive heller; og græskt Maal hev vel knapt andre enn Tollmannen Levi (Mattæus) vori inne i.

  1. Sjølve Joh. 5: 29 misser si Meining, naar dei som trur „ikkje kjem til Doms“.
  2. I 9: 39 segjer elles Jesus: „til Dom er eg komin til denne Verdi“; men i 12: 47 er han „ikkje dertil komin at han skal døme Verdi; det Orde han hev tala“ er det som paa den ytterste Dagen skal døme deim som ikkje trur (smf. 8: 24).