Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/132

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

segja at det fysste Stìge er gjort paa Vegen til Nikæa.

So lengi dei jødekristne var Magti i Kyrkja var elles den Vegen stengd. Og i den seine og lite læreklaare Tidi daa Johannesboki kom fram hev ho med alle sine nye Tankar og Ord vorti vel fagna. Serleg hev Johannes-Sveinane vori glade i ho, av di ho gjorde Johannes ― som etter deira Meining var for lite baade kjend og vyrd i mange Kyrkjelag ― til „den Læresveinen som Jesus elska“; og dei hev haldi ho uppe, um dei so ikkje skyna alt i ho. Og dei Kyrkjefolki, som var meir eller mindre tekne av gnostisk-kristelege Lærestrøymningar ― det var ikkje faae slike i dei Tidom ― dei hev med Glede set ei Bok som viste Samhug med Logoslæra, vinne fram under sjølve Johannes Apostels Namn.

Men dei Paulus-(og Peter-)kristne hev lika Boki for det Krave paa Tru ho bar fram so hugheilt. Aldri hadde Trui vori gjort so heilt ut til Livsvilkaar som i Johannesboki. Guds Gjerning var ikkje lenger aa halde Bòdi; „Guds Gjerning“ var aa „tru paa den som han sende“ (6: 29 o. fl. St.); Jesus krev og Tru paa seg sjølv (11: 25; 9: 35). Den som trudde hadde med ein Gong æoniskt Liv og kom ikkje til Doms; denne Læra vert i Johannesboki lagt Jesus i Munnen Gong paa Gong (3: 18; 5: 24; 8: 24;