Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/131

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

elles ikke er gløymd (20: 17); Jesus er Guds Son paa ein serskild Maate. Vel er det Faderen som hev gjevi honom denne serskilde Høgdi, „gjevi honom aa hava Liv i seg sjølv“ (det stend so; 5: 26); men „Liv i seg sjølv“ hev han; Menneskje i vanleg Meining er han ikkje.

Bokmeistaren hev stundom sjølv havt ei Kjenning av at han her gjekk langt; han læt daa Jesus koma med Ord som skal hindre Mistydingar. „Jødane“ ― som hjaa dei tri fysste held det for Gudsspott berre at ein Galilæar vil vera Messias (Mt. 26: 63―65; Mk. 14: 61―63; Lk. 22: 67―71) ― trur i Johannesboki at Galilæaren vil vera Gud, eller daa gjera seg „lik Gud“ (5: 8; 10: 33); i Jesu Tid kunde ein slik Tanke aldri vera uppkomin. Men i Johannesboki vert baade Skuldingi og eit Svar fraa Jesus uppsett. Jesus viser til Salme 82, der det (V. 6) stend: „eg hev sagt: dé er Gudar[1].“ Og han legg till: „kallar Skrifti deim Gudar som Guds Ord kom til ― og Skrifti kann ikkje verte ugild ―, segjer dé daa til den som Faderen hev helga og sendt til Verdi: du spottar Gud, av di eg sagde: eg er Guds Son?“ Men med Johannesboki kann me endaa

  1. Fysste Verse lyder: „Gud stend i Guds Forsamling og dømer midt imillom Gudane.“ Kongar og store Herrer vart ofte kalla Gudar i gamal Tid.