Hopp til innhold

Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/130

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

50); dette høyrer til dei tydelege Minni fraa Johannes-Tidi.

Um Fyri-Tilvære sitt vitnar Jesus sjølv (8: 58; 17: 24). Nemningi „Sonen“, som han mest brùkar ― Sonen framifraa ― inneheld, at han er den „fysst fødde“ (Hebr. 1: 6), d. e. Den fysst skapte, eller den „einborne“ (Joh. 1: 14 o. fl. St.), d. e. Den fysst og serskilt skapte. Rabbinarvisdomen lika aa føre Messias so nære upp til Gud som komande var for jamvel det heilt fullkomne Menneskje; og Johannesboki fylgjer langt med her. Faderen er no „større enn eg“ (14: 28), liksom han er „større enn alle“ (10: 29). Men i Samanheng med dette siste Orde læt Bokmeistaren Jesus segja: „eg og Faderen me er eitt.“ D. e.: i Vilje er Messias eitt med Faderen, vil heilt ut Faderens Vilje. Men me er komne eit godt Stykke burt fraa den Jesus som ukkje vilde vera kalla so mykje som god dessmeir, so han ikkje skulde koma til Faderen for nære (5: 19), so vert det strakst lagt til: „dei Ting som han ser Faderen gjera, dei same gjer Sonen like eins“. Faderen hev og „gjevi Sonen heile Domen“, so at „alle skal ære Sonen som dei ærer Faderen.“ Det er daa rimelegt at Sveinane helst vert berre „Venine“ hans (15: 13, 15), um Brodertanken