Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/126

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

so kjem „Ljose“ sjølv. „Han kom til sitt eigi“, men „hans eigne tok ikkje imot honom“, andre enn dei som var „fødde av Gud“ (V. 6―13); Logos ― sjølvsagt ikkje Skaparorde, men den skapte „Logos“ ― „vart Kjøt og budde imillom oss“. Det er den djupaste aleksandrinske Rabbinarvisdomen som her ― i faae Ord, og dertil paa den uklaare Maaten som i gamle Dagar og serleg i „Gnosis“-Tidi galdt for filosofisk ― er gjord til Grunnlag for Læra um Jesus. Naar Kyrkjelyden hev kunna tru, at slikt som 1: 1―18 (og ymist anna) i Johannesboki var skrìvi av Galilæa-Fiskaren Johannes, so treng me ingin Lærdom til aa skỳna, at den apostoliske Tidi lyt Kyrkjelyden den Gongen ha havt eit godt Stykke attum seg.

Det same kann me og sjaa av andre Ting. Johannes hadde t. D. Ikkje gløymt aa nemne Jakob, Bror sin, som dertil var ein av „dei tri“. Og det at Anden vert innsett til baade aa tolke og utfylle Jesu Ord, det er alt ein heiltupp katolsk Tanke.

Mindre kjend er Bokmeistaren i Jødeland og enn ventande skulde vera av ein Jesus-Svein. Han kjenner lite til Folke. Jamvel dei førande i Folke, Skriftlærde og Fraisæingar, nemner han sjeldan. Han talar helst um