Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/127

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

„Jødane“, eit Namn som dei andre ikkje hev uppe utan i Lidingssogo, der Pilatus og Hermennane brùkar det helst paa Spott. Og Bokmeistaren bryr seg lite um „Jødane“. Han synest jamvel vilja gjeva Samaritanane Róm fyri deim (4: 7―42); det hadde ingin Jøde fraa Jesu Tid funni paa. (Smf. Mt. 10: 5; Lk. 9: 52, 53). Og Jesus sjølv er i denne Sogo ofte som hav var burtbytt. Hjaa dei tri fysste er han djup utan Stræv og daa dertil klaar; her strævar han med aa vera djup og vert helst uklaar. Hjaa dei tri fysste held han seg til Moses og Profetane; her talar han um Faderen og Sonen og kjem med so mykje rabbinsk Halvfilosofi, at um ein ikkje vil segja som „Jødane“ at han er forgjord („hev Djevelen“, stend det i Grunnteksti 7: 20), so skỳnar ein Sveinane stundom, naar dei finn at han fører „hard Tale“ (6: 60). Jamvel naar han gjer Teikn er han ofte ein annen enn den me kjenner fraa dei tri; han vil at Folk skal tala um Teikni hans (9: 3; 11: 4).

Guds Rike er so vidt nemnt, men ikkje Himilrike. Bergpreika er burtkomi. Og berre den Moses som hev „skrìvi um meg“ talar Jesus her um (5: 46). Bòde um aa elske Gud vert ikkje nemnt; og bòde um aa elske Næsten, jamvel sin Fiende, hev vorti til eit „nytt Bòd“: Sveinane skal elske „kvarandre“, have Kjærleik