Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/125

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Han opnar Sogo si paa ein Maate som minner um 1 Mos. 1: 1. „i Upphave var Orde“, og ved Orde „hev alle Ting vorti til“, byrjar Johannesboki. Etter rabbinsk Tenkjemaate vil dette segja: Gud, den æveleg dulde, opinberrar seg gjenom sitt Ord, vert Gud for oss i og ved Orde sitt; „Orde“ hadde meir og meir vorti ei Opinberringsform for Gud (ikkje ein serskild „Person“). Samfør Es. 55: 11; 40: 8; Salm. 119: 89; 147: 15; Ordspr. 8:22―36; Job 28: 12―27; Visd. 7: 7―11: 20.

Etter at Skapingi soleis (V. 1―3) er nemnd, kjem det (V. 4―13) ei kort Utsyn yvi Mannasogo. I (det skapande) Orde var Liv; og „Live var Ljose aat Menneskjom“[1]. Men dette Ljose tok Myrkre i Mannheimen ikkje imot (V. 4―5). Gud sender daa ein Mann (Døyparen) som skal „vitne um Ljose“. Og

  1. Messias var etter Rabbinlæra fysst skapt. Det verte Ljos! Sagde Gud; daa fekk ikkje berre det naturlege, men og det aandelege Ljose, Menneskjeanden, Messias, Tilvære (Rydberg S. 51―54). Messias er „den fysstefødde av mange Brøder“ (Rom. 8: 29), „den fysstefødde av all Skapning“ (Grunnteksti segjer so, trass den norske Umsetnaden; Kol. 1: 15), „Fysstningi av Guds Skapning“ (Opb. 3: 14; Grunnteksti hev archē, som tyder Upphav berre i Meiningi Fysstning, det fysste); men Skapning er han, og Bror til Menneskje, d. e.: Menneskje.