Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/124

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
IX.
D

et er dei tri fysste Sogune ― dei „synoptiske“, dei kallar (av Synopsis: Yvisyn; Framstelling i Stuttmaal) ― me her i det heile hev fylgt. Desse, som er dei eldste, er bygde paa den aalmenne jødiske Messias-Tanken fraa Jesu Tid, og gjev i Hovuddragi best Greide paa baade Live og Læra aat Meistaren.

Den fjorde Sogo er fraa seinare Tid, liksom ho og er fraa eit anna Lag av Folke; Bokmeistaren held seg som Farisæaren Paulus til den rabbiniske Messiaslæra. Han hev daa vel og vori skriftlærd; og der er Ting i Boki hans som tyder paa at han hev vori ein skriftlærd fraa Aleksandria.

Soleis det at han ikkje gjeng ut fraa Messias-Spaadomane men fraa den aleksandrinske Rabbinlæra um Logo („Orde“). Det er i det heile ein Allheimsfrelsar meir enn ein Israelfrelsar som her er aat aa arbeide seg fram, um elles Frelsa enno „kjem fraa Jødane“ (4: 22).