Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/122

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

i Bøkane (um elles berre i tvo av deim, og so i Apostelgjerningar) er Fraasegni um Himilferdi.

Det hev vorti ein sjølvsagd Ting for Kyrkjelyden, at Messias ― liksom Fyribilæte Elias ― laut vera farin til Himils paa synleg Maate; skulde han vise seg „i Himilskyom“ ved Attkòmo, so laut han ha vist seg der ved Burtferdi med. At Himilferdi var spaadd i Skriftine hev o etterkvart vorti framfunni (Salm. 110: 1). So gjekk det med Himilferdi som med Uppstòdo: Tanken skapte Trui og Trui Sogo.

I Lukasboki (24: 51) er ho vel innkomi fysst; ho er der sagd med tri Ord: han fór upp til Himilen. Markus (16: 19) hev eitt lite Drag til (fra Salm. 110: 1): han sette seg ved Guds høgre Hand. I Apostelgjerningar (1: 9―11) kann ein segja at Himilferdi hev vorti Sogu; der viser dei seg daa au, dei tvo kvitklædde Mennane fraa Uppstòdo i Lukasboki, og segjer det som den fysste Kyrkja so gjerne vilde høyre: „denne Jesus, som er tekin fraa dekon til Himilen, han skal koma atter paa same Maaten som de saag honom fara til Himils.“

*

Det som i denne fysste Tidi var visst var, at dette var den siste Tidi.