Hopp til innhold

Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/121

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Dørir, rædde den haøvframande Storbyen som luktar av skuldlaust Blod. Men dei bed med kvarandre, og profeterar for kvarandre; og di meir Trui sterknar, di meir kjem dei i Lag. Vonine veks og klaarnar. No tek dei til aa skỳna Meiningi: enno eit Bìl er Messis-Komo utdrygd; Gud er god; enno vil han hjelpe mange af Israel inn i Messiasrike. Alt ljosnar og fær Meining, no daa dei veit at Meistaren lìver og er med deim. Dei er jamt saman, og bed og vitnar og ordskifter um det Arbeide som no skal taka til: den siste Freistnaden paa aa vinne Israel. Anden er yvi deim; stundom kjem han yvi deim i framifraa Maal. I serskilt von-rike Stundir kjenner dei det tydeleg; det gjeng som Skjelvingar gjenom Rome der dei sìt (Apg. 4: 31); og Ljosblink eller Luftstraalingar som skal kunne vera so forunderleg sterke der nede stundom, viser seg for deim. Paulus-Sveinen Lukas fortèl i Apg. 2 um ei serskild Ande-Sending i Samanheng med Peters fysste Framtræde i Jerusalem; daa vart, segjer han, paa ein Dag heile tri tusund Israelitar inn-vunne i Messiasrike.

*

Jesus-Sogo hev lìvt og vaksi ei god Stund etter Aposteltidi; det siste som hev funni Róm