Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/120

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

som ventande kunde vera naar han nett var uppstadin fraa dei daude. Det hev vori Jesus. „Vart ikkje vaare Hjarto brennande i oss, da han tala til oss paa Vegen og lét Skriftine upp for oss?“ ― Dei vaagar seg til aa fortelja det...

Mykje var der ikkje aa halde seg til. Men no viser det seg, at i Grunnen hev dei alle gjengi aa vona paa dette. Det som turvtest var berre eit trufyllt Ord. Naar det er sagt trur alle. Han er uppstandin!Simon Petrus vitnar um det med ein Eldhug so ingin kann vera i Tvil: han hev sjølv set Herren. Sogune og Synine veks. Sveinane vert hugheile, sterke, varme, fær ei ny, rik, glødande Tru dei fyrr ikkje hev visst um. Sjølve Skriftine fær ny Meining. Herrens Profetar hev set det, visst det: han skulde døy, og han skulde stande upp. Alle vaare Vilkaar skulde han freiste; jamvel vaar siste Fiende skulde han vinne paa; han maatte stande upp; han er sandeleg uppstandin. Den som ikkje trur er blind. Den som ikkje trur er dømd; utestengd; Anathema. Eit nytt Krav er komi upp: Krave um Tru. Og den fysste Trudomssetningen er fastlegin; Grunnsteinen er lagd til det som sidan vart Kyrkja.

Live nykveikjest. Mange Dagar er ikkje gjegne; enno sìt dei helst inne for stengde