Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/119

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

aa hald seg til; hjaa deim hev Tanken vunni Magt, so snart han var uppkomin.

Det hev ikkje vori lett aa vaage det fysste Sprange: tru, og vedkjennast ei slik Tru; sett i Ord vart ho so reint for vaagleg og urimeleg. Og lite var der aa halde seg til. Maria Magdalena, kva var vel det; sjau vonde Andar var drìvne or henne; dei kunde vera farne i henne att. Eller ho kunde ha set Skrymt. Men sjølve den lìvande Messias var det dei maatte hava. Han laut vel fraa deim att for eit Bìl; han skulde samle alle Himil-Magtine til den siste Striden, og det var visst ikkje paa ein Dag gjort; men berre dei visste at han lìvde, at han ikkje var bunding i Naaheimen, ― dei vilde sjølve vakne til nytt Liv.

Og so sterkt vart Krave i deim, at Mode til Vedkjenning kom. Eit Par av Sveinane hev raaka ein Mann som tala soleis at dei kom til aa minnast Meistaren; og denne Mannen, han kom ifraa deim att so forunderleg braadt... det hev vori Meistaren. Naar dei rett skal tenkje seg um, so var han lik Jesus, so lik Jesus

    tenkje, visst Samanhenge med at Steinen var burtvelt fraa Golgata-gravi den Sundagsmorgonen. Og daa han sidan fekk høyre at Messias skulde vera uppstadin, hev han ikkje havt Hjarta til aa segja Sanningi, av dei han skyna kor mykje det her for Jesu Sveinar galdt? Ja Trui paa den uppstadne Messias kunde verte til Frelse for sjølve Israel, hev han tenkt?