Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/118

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ikkje meir utenkjande at ein daud vakna enn det elles er at ein dvaleslegin eller svevnbundin kjem til seg att.

Ja det hev for Sveinane vori lettare aa tru at Messias kunde stande upp fraa dei daude enn aa tru at han kunde døy. Og her galdt det meir enn det elles nokon Gong i Verdi kunde gjelde. Var Jesus daud, so var Messias-Voni sløkkt; Heidningane vilde traakke Israel heilt under seg, og med Israel Verdi. Djevelen vilde ha vunne; Gudsrike var for all Tid øydt. Men lìvde Messias trass i Dauden ― og naar det kom til Stykke kunde han ikkje i vanleg Meining vera daud ―; var det so, at Dauden paa gaatefull Maate høyrde med til Messiasverke men ikkje kunde halde Messias sjølv fast, ― daa vilde alle Vonir ny-vakne.

Han var ikkje daud; han kunde ikkje vera daud. Den store Meistaren, som ung og sterk hadde haldi Kveldverd med deim for eit Par Dagar sidan, han hev aldri kunna poaa vanleg Maate døy; Uppstòdo-Tanken hev vakna fyrr nokon vaaga aa nemne ’n. Og til Sveinane er han komin som ei Livsens Redning, vonbrotne og raadlause som dei der gjekk, men inkje Menneskje[1] og knapt lenger nokon Gud

  1. Korkje Nikodemus eller Josef fraa Arimatæa er nemnd i denne Tid.
     Josef fraa Arimatæa hev vel, etter som me kann