Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/117

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

skilt heilag Tid fra Gamletestamente) og talar med Sveinane „um det som høyrer til Guds Rike“; noko nytt syntest han elles ikkje hava sagt. Det siste Vitne um Uppstòdo er Paulus, som etter 1 Kor. 15: 4―6 hev „mot-teki“, at Jesus er „uppreist tridje Dagen efter Skriftine“, og at han „vart sédd av Kefas“, „deretter af dei 12“ (11 vel?), so „av meir enn 500 Brørar paa ein Gong“, so „av Jakob, og deretter av alle Apostlane“; Sogune hadde i det heile ikkje fest seg enno.

*

At Trui paa Uppstòdo kom upp er ikkje vant aa skỳna.

Etter det alt-umstøytande Golgata-Hende galdt det bera eller breste for Jesus-Sveinane. Det galdt den høgste og dyraste Livsens Von, for deim sjølve, for Folke deira, for Menneskja. I slike Stundir kann jamvel dei klokaste koma ut for meir enn dei sidan skỳnar.

Me maa dertil hugse, at det i dei Tidine var mindre klaar Skilnad paa mògelegt og umògelet enn det for oss er. Naturlovir i vaar Meining av Orde var ukjende; Magtir som elska, hata, vilde, ynskte paa Lag som me, styrde Verdi; galdt det paa, var alt mògelet. Naar den øvste Magti baud ― og ho baud naar det i Aalvor turvtest ―, var det