Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/116

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

min.“ Men ho skal segja „Brørane hans“, at han „fèr upp til min Fader og dekons Fader, min Gud og dekons Gud.“

Maria fortèl Sveinane at ho hev „set Herren“. Um dei trudde vert ikkje serskilt sagt; men for Peter og Johannes vil det ha vori rart aa høyre det ho fortalde. Sidan, og det tvo Gongir, viser Jesus seg for Sveinane daa dei sìt inne um Kvelden for stengde Dørir; fyrste Gongen „andar han paa deim“ og segjer: „tak imot den heilage Ande“ (Forteljaren hev ikkje visst um Kvitsunhelgi); Sveinane fær og her den Magti til aa forlata Syndir som dei etter Mattæus hev fengi fyrr (Mt. 16: 19; 18: 18), men som ikkje er nemd hjaa Markus og Lukas. Ved det andre Møte fær Tomas Tvilling serskilt sjaa og kjenne Saari i Handane og i Sida; i si store Forundring ropa han: „min Herre og min Gud;“ dette Rope klinger so lite israelitiskt, at det ― samen med heile Sogo ― vert eit Vitnemaal meir um at Johannesboki er fraa sein Tid. Ho endar med Stykke 20; sidan hev det vorti lagt til eit Stykke um eit Møte millom Jesus og Sveinane, som skal vera komi i Stand i Galilæa likevel; Emne i denne Sogo er Spursmaale um kven som er størst: Peter eller Johannes.

I Apostelgjerningar syner Jesus seg i 40 Dagar (smf. Mk. 1: 13; 40 Dagar er ei ser-