Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

mannen. Og dei tvo Sogune som vil hava Greide paa Jesu Ætt, dei er ikkje samstellte um kva Farfar hans heiter dessmeir; Mattæus segjer Jakob, og Lukas segjer Eli. Um han er gift med Maria er dei heller ikkje trygge paa. Hjaa Lukas (1:27;2:5) er han trulova med Maria; hjaa Mattæus er han i V. 18 trulova, men i V. 16, 19, 20 gift med henne.

At Sogune um Fødsla hjaa Markus og Lukas er Skaldeverk i gamaltestamentlig Stil viser seg alt i Fraasegni um Englebòdskapen (Mt. 1:18—25; Lk. 1:26—38). Etter mattæus er det komi upp, at Maria er med Barn ved den heilage Ande; dette siste er likevel ikkje komi upp for „Mannen hennar“: Joseg mistrur Maria. Men han er rettferdig og vil skilja seg med henne i Løyndom. I ein Draum fær han daa av „Herrens Engel“ vita det som elles var komi upp; og det vert honom sagt, at den Sonen Maria skal føde er Messias (V. 21).

Etter Lukas kjem Engelen („Gabriel“ fraa Dan. 8:16) ikkje til Josef, men til Maria, og ikkje i Draum, men i full Røynd. Han viser seg elles fysst for Sakarias og spaar um Døyparen; denne vert her ikkje sett i noko Samanheng med Jesus (Lk. 7:24—27). Sidan kjem Engelen til Maria som er Møy (smf. Es. 7:14), og spaar um den Sonen ho skal faa.