Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Ikkje so mykje som dei Ættartali dei sèt upp samsvarar. I Tidi millom David og Jesus hev kvar Liste sine Namn (Mt. 1:6—16; Lk. 3:23—38); og Mattæus hev 40 Ættledir, men Luks (til Abraham) 55.

Sjølve Tanken i desse Ættartali hev svikta. Meiningi var aa slaa fast at Jesus var av Davids Ætt, som Messias etter den gamle Trui skulde vera; Ættartali maatte daa vise Samanheng fraa David og til Jesus. Men dei gjer ikkje det. I Ættartale hjaa Mattæus er berre Mor til Jesus nemnd; og hjaa Lukas er Jesus Son til Joseg „ettersom dei trudde“. Paa den Maaten vert Ættartali som dei no er meiningslause.

Men det hev dei ikkje vori fraa fyssto, som me kann sjaa av det som elles vert sagt (og som Rettarane ikkje hev komi til aa gjeva Gaum etter). I Lk. 2:27,41,48 og 4:22 er Josef og Maria „Foreldri“ til Jesus og Josef „Far“ hans; etter Johannes (6:42) er Jesus „Josefs Søn“; og hjaa Mattæus (13:55), Markus (6:3) og Johannes (6:42) hev han syskin, som synest vera heilt upp Rettsystkin (Mt. 12:46 og Tilvisningar).

Da Sogune vart skrivne hev elles Josef vori aa kalle gløymd. Etter Mattæus er han Timbermann; dei andre veit inkje um dette; Markus (6:3) læt Jesus sjølv vera Timber-