Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Ordi hans er ein Messias-Spaadom heilt ut etter Profetane (Es. 9:6,7;16:15); Paulus Meistaren aat honom som skreiv Lukas-Sogo, var skriftkunnig.

I det som vert fortalt um Fødsla og Barndomen hev dei tvo Sogumennane like eins havt kvar sitt aa gange etter. Den eine fortèl um Vismennane, um Herodes og Barnemorde, um Rømsla til Ægypti; den andre veit ikkje um noko av dette, men skriv um Hyrdingar og Englesong, um Simeon og Anna, um at Barne etter Lovi vart umskòri. Sjølve Namne Jesus fær Barne etter Lukasboki av Engelen (smf. Es. 7:14). Lukas hev dertil den einaste Sogo som er fortald fraa Ungdomstidi: den om Tolv-Æringen i Temple; det er ei Sogu plent som ein maatte vente seg ho um eit Messias-Emne. Um Jesu fysste Tidir elles fortèl Lukas, at han „gjekk fram i Visdom og Alder og Naade for Gud og Menneskje (2:52).

Berre um Fødestaden er Sogune samstellte; her hadde dei ein Spaadom aa halde seg til. Men det er ikkje meir enn Namne dei er samstellte um heller. Hjaa Mattæus høyrer Josef og Maria heime i Betlehem og rømer sidan til Nasaret for Herodes[1]; etter Lukas

  1. „— so det skulde verte uppfyllt som er sagt ved Profetane, at han skulde verte kalla Nasaræar“, segjer Mattæus; men Profetane veit inkje um Nasaret, og det mosaiske Nasiræarnamne hev