Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/102

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

brevi segjer han eit Ord som peikar paa den Leid. Ikkje Paulus heller nemner Neitingi; og han var daa ikkje kritiklaus mot dei „ovstore Apostlane“, og minst mot „Kefas“ (smf. Gal. 2: 11―14). Det vilde og i seg sjølv vera forunderlegt um „Petrus“, „Berge“, kunde ha lati slikt koma yvi seg, og det berre eit Par Timar etter at Jesus so serskilt tydeleg hadde vara honom aat. Men at Sankt Peter hev teki til aa lìva i Folkesegni alt fyrr dei nytestamentlege Tekstane var fastslegne, det kann me sjaa av andre Ting med, soleis av Underverk-Sogune i Apostelgjerningar. Og at han, som var den fysste, hadde falli so djupt, og det i den Stundi daa det galdt mest, den Tanken hev Kyrkjefolke lika; Neitingi er etter Aposteltidi komi inn i alle Sogune.

*

Rettsbøkar vart ikkje førde i den Tid. Og ingin av Sveinane fylgde Jesus paa hans siste Gang; um Peter hev vori so landt som inn i Garden hjaa Øvstepresten, so synest han ikkje ha vori der lengi. Det er vel einkvar av dei mindre Jesus-Venine, ein Jodef fraa Arimtæa, eller ein Nikodemus, som hev fylgt han paa Lidingsdagen so godt som det lét seg gjera; og av det som denne sidan hev fortalt maa daa Lidingssogo ha bygt seg. Hjaa Mar-