Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/101

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ført si Gjerning“ fyri Lidingi (17: 4), og vil no gjerne drikke den Skaali som Faderen hev gjevi honom (18: 11).

Jesus vert fanga; Sveinane rømer. Berre Peter snur att og fylgjer med „langt attanfyr“; i Johannesboki er og „den andre Læresveinen“ med. Denne siste, ein Galilæa-Fiskar liksom Peter, hev her jamvel vorti „kjend med Øvstepresten“, so han fylgjer med Jesus inn i Garden hans, ja fær Peter med der inn (18: 15, 16; hjaa dei andre sìt Peter ute i Garden); Soguskrivaren hev ikkje tenkt paa, at um Læresveinen Johannes hadde vori kjent med Øvstepresten den Natti, og hadde fylgt so langt, ― so hadde han visst fengi fylgt eit Stykke lenger.

Sogo um Peter og Neitingi er fortald hjaa alle. Hanen gjèl tvo Gongir hjaa Markus; Peter „svèr og forbannar seg“ hjaa dei tvo fysste; Johannesboki hev inkje um Galilæa og Falilæamaale, og inkje um Graaten etterpaa; elles er Sogo likt fortald.

Men ho vert aldri nemnd sidan. I Apostelgjerningar er Peter den sjøvsagde Formannen millom Apostlane; det er han som fører Orde paa Kvitsundagen, og elles jamt; og det finst ikkje nokon Stad so mykje som ei Innpaatyding um at det hev vori noko i Vegen med honom. Han synest ikkje hava noko paa Samvite sjølv heller; korkje i Apostelgjerningar eller i Peter-