Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/103

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

kus (14: 53 ― 15: 37) finn me ho stuttast og greidast; hev dei andre noko meir stundom, so høver Vitnemaali deira ikkje ihop.

Etter Johannesboki (18: 19 flg.) vert Jesus hjaa Øvstepresten spurd um sine Læresveinar og si Lære. Jesus viser til deim som hev høyrt hans Forkynning; at han hev lært Sveinane aa halde og gjera alt det som dei skriftlærde og Farisæarane segjer dei skal halde (Mt. 23: 2, 3) vert ingin Stad nemnt. Det einaste som kjem greidt fram er det som Jesus sjølv (hjaa dei tri fysste) vitnar: at han held seg for Messias[1]. Øvstepresten riv sine Klæde sund og talar um Gudsspott; ein Galilæar som gav seg ut for Guds utvalde, han maatte vera Spottar, hev dei i Jerusalem meint. Men denne Spottingi vil Raadsherrar og Farisæarar gjera seg Nytte av. Jesus vert førd til den romværske Landshovdingen; sjølve hadde Jødane i den Tid „ikkje Lov til aa avlive nokon“ (Joh. 18: 31).

Etter Lukas inneheld Klaga mot Jesus tvo Lygnir og ei Halvsanning: „denne forvender Folke og forbyd aa gjeva Keisaren Skatt, og

  1. Etter Johannesboki kjem ikkje Messias-Spursmaale fram fyrr hjaa Pilatus; Spotteorde „Jøde-Kongen“ er uppe der, og Jesus kallar seg Konge, men ein „Konge som vitnar for Sanningi“ (Profet hadde vori det rette israelitiske Orde her).