Side:Garborg - Haugtussa.djvu/89

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Ho leitar til Handi er blaa og stinn;
men burte er burte. Ho inkje finn.

Daa tuslar det burte i Kyrkjegardskrok.
Der stod ein Graakall, i Laatt seg skok.

«Det skal du ha, du! haa-haa! hi-hi!
— I Gaarkveld gløymde du Mjølki mi!»

Burte er han paa lette Legg.
Vinden yler um Kyrkjevegg.

Einsleg stend ho i raadlaus Gru;
Vinden dundrar i Kyrkjebu.

Det javlar i Jordi, ned-døyvt, stridt:
«kom att med Beine . . . med Beine mitt . . .»

Ho veit ikkje ut, ho veit ikkje inn;
Skodda myrknar um Kyrkjetind.