Side:Garborg - Haugtussa.djvu/90

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Av Grav seg tøygjer ein Arm so lang . . .
Ho skrik av Rædsle og sèt paa Sprang.


VESLEMØY SJUK

Ho ligg i Febervilla
Dagar og lange Næter.
Gamlemor steller best ho kann
og stilt for Veslemøy græter.

«Du store Mann der uppe,
du leggje kje dette paa meg!
Du veit ho er det siste eg hev;
du maa kje ta Gislaug fraa meg.

Son min drog yvi Sjøen;
han var ikkje Guten hæve.
Eldste Dotter mi kom til By’n;
der gjeng ho no som ei Tæve.

Andre Dotter mi døydde;
det kunde mitt Hjarta brjote.