Side:Garborg - Haugtussa.djvu/211

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Bogar svære Sulane bind;
d’er Orm og Drake, i Bugt seg vind.

Slotte lyser, i Høgdi sterkt,
med berre skinande Kopar tekt.

Taarn seg lyfter med Glim og Tir;
Gullhanar glor paa dei høge Spir.

Som der ho stend, fortenkt og fortryllt,
er heile Tune med Hovmenn fyllt.

Det glitrar av Gull og Perleglans rein;
det lyser av Sylv og av Glimestein.

Fagre Møyar i kvite Lin
av Sylgjur og Lad og Gulldobbar skin.

Daa tinklar det stilt som av Bjøllur smaa,
so vent at Veslemøy graate maa.

Og upp det stryk med so vill ein Slaatt;
Veslemøy er millom Graat og Laatt.