Side:Garborg - Haugtussa.djvu/212

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Sist kjem det ein Lund so sæl og so blid;
ho var kje so glad i si heile Tid.

Fram dansar dei Møyar i ljose Rad:
«her kann du alltid faa vera glad.

Der ser du Kongen; vil her du vera,
skal Dronning-Krune og Krans du bera.»

Veslemøy ser den Haugkallen blaa
Konge staut i Svalgangen staa.

Kruna lyser som raude Glod;
Purpure er som det heite Blod.

Kongsstaven skin, av brennande Stein,
som Elden gul og som Logen rein.

Herleg er Kongen, fager og gild; —
all denne Stordom ho eige vil.

Dansen gjeng yvi Tune kaat;
Tonar lokkar og Felelaat.