Side:Garborg - Haugtussa.djvu/210

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Or Haug blaae Heller
rid lange Radi og Reidir
fram yvi flekkut Grovemyr
og inn dei lange Leidir
med Om av Ringling og Rop og Styr.

Som der ho gjeng i Draumar
og slitst av dei saare Minne,
so stend ho upp i ein Alvedans-Ring
og er der som mana inne
med Skodda tett som ein Vegg i Kring.

      *

Vàr ho lyfter si Augne-Brun;
daa er ho innpaa eit Kongsgards-Tun.

Still ligg Garden i stengde Trygd,
maaneskinsljos, i ein Firkant bygd.

Tune er som ei Mose-Eng;
Svalgangar breide ikringum gjeng.

Rausti er blaae med gylte Flat;
Sular av Sylv ber det Høge Tak.